Ny nasjonal pilot-undersøking:

Folkehelseundersøkelse i Aust-Agder for første gang

- Dersom du blir spurt om å delta, håper vi du vil svare ja. Det seier folkehelsekoordinator i Valle kommune, Øyvind Jacob. For første gong skal egdene sine levekår kartleggast, trivsel og helse gjennom ein stor folkehelseundersøking som startar i denne uka. – Svara er viktige for å gjere tiltaka mot levekårs-utfordringane på Sørlandet meir treffsikre, seier Øyvind Jacob.

I dei kommande vekene gjennomførast undersøkinga i Aust-Agder. Til saman 6.000 personer i fylket er trekte ut til å vere med i «Folkehelseundersøkinga – helse og trivsel 2015» som omhandlar helse i vid forstand i form av levevanar og levekår.

Undersøkinga er den første i sitt slag i Noreg. Den gjennomførast av TNS Gallup på vegne av Aust-Agder, Vest-Agder og Vestfold fylkeskommunar og Folkehelseinstituttet. Undersøkinga går ut fylkesvis og vil gje kommunane og fylkeskommunen eit betre grunnlag for å ta avgjersler som fremmar gode levekår og trivsel, seier fylkesrådmann i Aust-Agder, Arild Eielsen.

Folkehelse meir enn å gå tur

- I undersøkinga blir det spurt om alt frå trivsel i nærmiljøet til tilgjenge til offentlege bygg og offentleg transport, vurdering av eigen helsetilstand, sosial kontakt, mengda av stillesitting, funksjonsnedsetting, psykiske plager, tannhelse, støy i miljøet der du bur, fysisk aktivitet, kulturtilbod, matvaner og bruk av tobakk og alkohol, seier Øyvind Jacob.

- Kommunane i Aust-Agder spør etter god, lokal folkehelsestatistikk. Gjennom denne undersøkinga vil vi kunne hjelpe kommunane med å få oversikt slik at dei kan innrette folkehelsearbeidet sitt mest mogleg effektivt, seier Arild Eielsen og slutter med ein appell:

- Det er sjølvsagt frivillig å ta del i undersøkinga, men vi oppmodar alle som blir trekte ut og får undersøkinga tilsendt i Aust-Agder til å stille opp. Ved å svare kan du vere med å påverke framtidas levekår i din kommune.

Resultata frå folkehelseundersøkinga forventast å ligge føre vår/sommar 2016.