Valle kommune har no lagt til rette for at kunder kan velge fleire typar elektronisk løysingar for mottak av faktura. Kommunen tek i bruk Multikanal frå TietoEVRY som forenklar og digitaliserer utsending av faktura til innbyggjarar, hytteeigarar og næringsliv.

Kundene vil kunne velge mellom å få faktura direkte til nettbank via Avtalegiro og eFaktura, til Vipps eller til Digipost. Har du ikkje avtale om Digipost er det enkelt å oppretta.

Velg kor du vil ha fakturaen

MultikanalEVRY sørger for at fakturaen vert sendt ut slik du som kunde har valgt mellom dei digitale løysingane. Kommunen har ikkje anledning til å endra dei ulike digitale val du som kunde har gjort.

  • Dersom du ikkje ønskjer faktura i Vipps styrer de dette via Min profil, der du då slår av rekningar i Vipps.
  • Får du fakturaer i Digipost bør du sette på at du ønskjer varsel via SMS eller e-post om at du har fått ein ny faktura.
  • Dersom du ikkje ønskjer fakturaene i Digipost kan det vera eit alternativ å oppretta eFaktura. Efakturareferansen er personnummeret ditt.

Kun dei som ikkje har valgt ein av desse løysingane vil fortsatt få fakturaen i posten.

Faktura tilpassa bedrifter

Bedrifter og organisasjoner som kan ta imot faktura på elektronisk handelsformat (EHF), og som er registrert i ELMA, vil motta faktura i dette formatet som tidlegare.

For dei kundene som ikkje er klare for å ta imot faktura elektronisk vil faktura bli skriven ut og sendt pr. post.

 

Valle kommune

Økonomiavdelinga