Dette er nytt frå 1. januar 2017:

  • Du får frikort eigenandelstak 2 utan å søke om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd
  • Eigenandelstaket for frikort eigenandelstak 2 for 2017 er 1 990 kr
  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt
  • Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år
  • Alle pasientar må betale eigenandel for behandling hos fyrsioterapeut - unnateke barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette blei vedteke av Stortinget ved handsaming av statsbudsjettet for 2017
  • Du kan sjølv følge med på dine registrerte eigenandelar ved å logge inn på helsenorge.no

Frikort eigenandelstak 1 - nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner
I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sykehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisiner og utstyr på blå resept. Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over 2 205 kroner i eigenandelar i 2017.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no/frikort