Kommunane i Setesdal har starta opp med frisklivs-, lærings- og meistringstilbod. Kommunane har gått saman om tilbodet og har utvikla kurs som arrangerast i både øvre og nedre del av Setesdal. Kursa er gratis så lenge det ikkje er spesifisert noko anna. 

Bekymringsmestringskurs

Om kurset

Har du bekymringstankar og opplever stress i kvardagen? Har du problemer med å slappe av og er plaga av angstsymptomar? Lider du av "flink pike"/"flink gutt"-syndromet? Då kan dette vere eit nyttig kurs for deg. 

Innhald:

  • Ni undervisningssamlingar og ei oppfølgingssamling
  • 2-2,5 timer pr. samling
  • Teoridel, introduksjon til oppgåvene og individuell jobbing med oppgåver
  • Heimearbeid
  • Chatfunksjon for dei som deltek kurskvelden – her kan du komme med spørsmål eller innspill til tema
  • Dersom du ikkje kan delta kurskvelden, kan du via samme link gå gjennom kurset og arbeidsoppgåvene, innan neste samling
  • Du må mestre norsk muntleg og skriftleg for å ha utbytte av kurset

Kor og når:

​Kor: Digitalt kurs
Når: 4., 11., 18., 25. november. 2., 9. desember. 6.,13., 20. januar og oppfølgingssamling 17. februar.
Oppstart 4. november 2021 kl. 18:00-20:30.

Kurshaldarar:

Gro Berit Straum, Ragnhild Rosseland og Harald Eivindson

Påmelding

Frist: 21. oktober 2021

Meld deg på via elektronisk skjema eller ta kontakt med Servicekontoret i Evje og Hornnes kommune - Tlf. 37 93 23 00

Sov godt - lær meir om søvn

Om kurset

Kurs for deg som har utfordringar med søvn.

Kurset er utarbeida av psykologar tilknytta helsedirektoratet. Kurset inneheld to samlingar og leiast av lokale kurshaldarar frå Setesdal. Tilbodet er åpent for alle i alderen 16 og oppover. Mange kan oppleve søvnvanskar, som eks. slite med å sovne om kvelden, vakne for tidlig om morgonen, sove uroleg og/eller oppleve mange oppvakningar gjennom natta.

Kurset er teoretisk, og er eigna for alle som opplev at søvnvanskar går utover kvardagen. Etter påmelding vil du få ein telefon fra ein av kursleiarane. Dette for å sikre oss at kurset vil passe dine behov.

Tema som blir tatt opp:

  • Søvn og søvnvanskar
  • Avslapningsteknikkar
  • Gode råd for betre søvn
  • Søvndagbok
  • Forestillingar om søvn

Samlingane inneheld både presentasjon av fakta og erfaringsutveksling.

Kor og når:

Evje, Aktivitetssenteret på Evjeheimen
14. og 28. april 2021 kl. 18.00 – 20.00

Kurshaldarar:

Mari Haugen Abusland, leiande helsesjukepleiar på helsestasjonen i Evje og Hornnes kommune
Hege Haukom, avdelingsleiar på Evjeheimen

Påmelding

Frist: 7. april 2021

Meld deg på via elektronisk skjema eller ta kontakt med Servicekontoret i Evje og Hornnes kommune - Tlf. 37 93 23 00

Diabeteskurs

For deg som har diabetes type 2 eller for deg som er på grensen til å få diabetes. Det passer også for pårørende og de som er interessert i å lære mer om sykdommen.

Tema som blir tatt opp:

Hva er diabetes?

  • Forskjellen på diabetes type 1 og 2, diagnostisering, behandlingsmål og behandlingsprinsipper.
  • Fokus i dette kurset blir på diabetes type 2, som er mest utbredt blant befolkningen.

Hva påvirker blodsukkeret og hva må jeg passe på når jeg har fått diabetes?

  • Tema som da blir omtalt er bl.a. fysisk aktivitet og mat, og hva en må passe på for å redusere risiko for komplikasjoner.

Kor og når:

Digitalt kurs onsdag 21. april kl.18.00 – 20.00

Kurshaldar:

Mona Iren Torsteinsen, diabetessykepleier

Påmelding

Frist 7. april 2021


Meld deg på via elektronisk skjema eller ta kontakt med Servicekontoret i Evje og Hornnes kommune - Tlf. 37 93 23 00

Ernæring, kosthald og sjukdom

Program:

Generelt om mat (25 min)

  • Korleis har norsk kosthald utvikla seg?
  • Kva et vi mest og minst av?
  • Korleis skal vi tolke informasjon rundt kosthald?
  • Kva seier den nyeste forskninga om kva ein bør ete?

Pause (10 min)

Kosthald og sjukdom (45 min)

  • Kva for sjukdommar vert kosthaldet påvirka av?
  • Korleis skal ein komme i gong med å gjere endringar i kosthaldet sitt?
  • Treng eg kosttilskot?
  • Er sukkerfrie produktar farlege?

Pause (10 min) 

Spørsmål (15 min)

Tidspunkt:

Kva: Nettkurs for innbyggarar i Setesdal. 

Når: Torsdag 14. oktober 2021 kl. 19.30 

Kurshaldar: 

Ernæringsfysiolog Thomas Gordeladze

Meld deg på til:

Solveig Kyrvestad
E-post: solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.no
Telefon: 912 47 155