Frå og med barnehageopptaket 2021 (hovudopptak) vil søknad om barnehageplass i Valle kommune gjerast via Visma Flyt Barnehage sin føresettportal. Du skal bruke skjema ved:

  • Ny plass
  • Endring av plass
  • Overføring til annan barnehage 
  • Oppseiing av plass

Det er ulike skjema avhengig av om du skal søkje, endre eller sei opp plassen.

Under finn du link til informasjon om korleis du loggar deg på føresettportalen, og korleis du i portalen legg inn søknad.

 

Søknadsskjema finn du ved å følgje lenka: https://barnehage.visma.no/valle

Søknadsfrist 1.mars

Det er berre dei som søker om ny plass, ønskjer å endre plass eller er busett utanfor Valle
kommune som treng å søkje.

 

Meir info om søknadsskjema finn du HER