Fysioterapitenesta
Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen. Fysioterapeutar jobbar med førebyggjande helsearbeid, habilitering, rehabilitering og tilbyr undersøking, behandling, trening og tilrettelegging til menneske som har utfordringar knytt til bevegelse og aktivitet.
Vi arbeider saman med deg for å finna tiltak og gode løysningar. Målet er at du skal meistra kvardagen din best mogleg.
Fysioterapeutar har rett til å undersøke og behandle utan tilvising frå lege og anna helsepersonell.
Behandlingsstader
Fysioterapitenesta har tre behandlingsstader; Valle, Bykle og Hovden.
Fysioterapeutane vil ved behov kunne gi behandling frå andre behandlingsstader enn der dei i det daglege har sitt kontor.
Tenestekoordinator for fysioterapitenesta
Kenneth Fyhn er tenestekoordinator for fysioterapitenesta.
Opningstider i Valle og Hovden
Måndag ope på Hovden
Tysdag ope i Valle frå kl 13.00
Onsdag ope på Hovden
Torsdag ope i Valle frå kl. 13.00
Fredag er det stengt.