Samlinga starta som seg hør og bør med velsmakande hotellfrokost frå Sølvgarden sitt kjøkken. Frå frokostsalen bar det deretter opp i eitt av møteroma i andre høgda. Ordførar Steinar Kyrvestad ynskte velkomen på vegne av kommunen og peika på at det har skjedd mykje positivt i næringslivet dei siste åra. Ordføraren introduserte deretter det administrative laget som har ansvaret for å fylgje opp næringslivet.

«Me meiner jo at det meste me steller med i kommunen er viktig, men det kanskje aller viktigaste er å leggje til rette for nye arbeidsplassar og få fleire unge til å etablere seg her. Det skal vere ei rettesnor for den kommunale verksemda,» sa kommunedirektør Vidar H. Homme og gav etterkvart ordet til Kay Arne Søgård, som er ny næringsrådgjevar. Søgård understreka at han ynskjer å vere tilgjengeleg for næringslivet. «Det er berre å ta kontakt, eg prioriterer å vere lett å tak i. Eg set også pris på om de inviterer meg ut til å vitje verksemda dykkar for å lære meir om det de held på med.» Søgård er kontaktpunktet næringslivet kan nytte inn i kommuneverksemda, og den som kan opprette kontakt med andre offentlege aktørar, som til dømes Innovasjon Noreg. Leiar for teknisk, Magnus Berg, som er Søgårds næraste overordna og som saman med næringsrådgjevar og kommunedirektør utgjer teamet som jobbar direkte med næring, oppmoda også næringslivet om å kontakte Søgård framover.

Rita Hansen og Roy Bakke orienterte noko om kva det regionale samarbeidet kan bistå næringslivet med. Setesdal interkommunale politiske råd (SIPR), eller regionrådet som dei fleste omtalar det som, har tre hovudstrategiar; bygdevekst, reiseliv og kompetanse. SIPR har tilskotsmidlar som verksemdene kan søkje om til m.a. utviklingstiltak, og då må den regionale søknadsportalen nyttast. Roy Bakke fortalde om turiststraumen frå Holland på grunn av det nye ferjesambandet og poengterte behovet for å nytte Setesdal som merkevare. Han utfordra alle verksemdene i Valle til å melde seg inn i Visit Setesdal, noko som gjev rett til å bruke den etterkvart så velkjende logoen med «krullane».

Etter innlegga engasjerte fleire av dei frammøtte seg med innspel og spørsmål. Leiar i Valle Næringslag, Bjørgulv Sverdrup Lund, var glad for initiativet frå kommunen og minna om kor viktig det er at aktørane i næringslivet kjempar for kvarandre, og ikkje mot kvarandre. Lund opplyste også at næringslaget, saman med Valle Sparebank og kommunen, planlegg ei samling for næringslivet med innleigde føredragshaldarar seinare i løpet av hausten. Ørnulf Hasla etterlyste eit sterkare og meir formalisert samarbeid mellom kommune og næringsliv og vona denne samlinga kunne markere ein start i så måte. Jostein Rysstad fortalde at Valle Sparebank hadde opplevd positive utlånstal lokalt i fjor og meinte det tyder på at det skjer mykje bra som det kan byggjast vidare på. Elisabeth Spockeli sa ho tykte det viktigaste er at ho får kontakt med og svar frå kommunen når ho treng det. På spørsmål frå kommunen om behovet for slike næringsfrokostar framover kasta Olav K. Hovet seg frampå og meinte at fire næringsfrokostar i året var passeleg som ein start. Det tyktest vere semje i møtelyden om at det var eit godt forslag. Brokke-Suleskarvegen vart også tema, både spørsmålet om heilårsveg og korvidt det er mogleg å utvide perioden med open veg vekte engasjement.

Kommunedirektøren avrunda med å takke for frammøtet og lova at innspela vert tekne med vidare for å leggje låma for innhald og form på samarbeidet mellom næringsliv og kommune framover.