Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Gratis gründerkurs våren 2017

Publisert
Denne artikkelen er over 4 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
fargestifter

Drøymer du om å starte di eiga verksemd? Aust-Agder fylkeskommune arrangerer gratis gründerkurs våren 2017 i samarbeid med kommunar, Etablerersenteret IKS og Setesdal regionråd

På desse kursa vil du få god fagleg innføring tilpassa deg som går og tenker på å starte eiga verksemd eller som allereie er i gong. Meld deg på kurs som no blir tilbode fleire stader i fylket:

Introduksjonskurs SmartStart
Kurset inneheld praktisk orientering om bedriftsetablering, forretningsplanlegging samt informasjon om aktørar i det lokale verkemiddelapparatet som arbeider med tilrettelegging, rettleiing og støtte til deg som nyetablerar

5. mars 17:00 - 21:00 Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

Bedriftsøkonomi og regnskap, del 1- 3
Kurset vil gje deg ein introduksjon til dei viktigaste lovene og reglane knytte til etablering og drift av ei ny verksemd. Gjennom praktiske eksempel vil vi ta opp tema som val av selskapsform, skatt, bilagshandtering, reknskap, budsjett, likviditetsstyring.

19., 20., 25. april 18:00 - 21:00 Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

Jusskurs for gründarar, del 1 - 2
Praktisk foredrag over spelereglane i næringslivet med eksempel frå verkelegheita, særleg i forhold til ulike aktørar; før ein startar eiga næring, når ei set i gong og når ein er i full drift

14., 16. februar 18:00 - 21:00 Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

Web og sosiale medie som marknadskanal, del 1 - 3
Kurset gjev ei orientering om moglegheiter for bruk av web og sosiale medier til sal og marknadsføring av produkt og tenester. Digital marknadsforståing, web og sosiale medie samt forståing av teknologi er tre hovedpilarar for dette kurset

10., 11. mars 18:00 - 21:00 og 09:00 - 15:00 Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

Påmelding til kursa her: https://www.austagderfk.no/grunderkurs

Kontaktperson: Agnese Bjerkholt, epost: agnese.bjerkholt@austagderfk.no, mobil: 413 27 853

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker