For Valle kommune er arbeidsinnvandring viktig  for å oppretthalde og utvikle næringslivet og lokalsamfunnet. Gode kunnskapar i norsk vil kunne gjere til at fleire kjem i arbeid og dei som alt er i arbeid,  kan nytte utdanning og erfaring frå heimlandet på ein betre måte. God munnleg og skriftleg dugleik i norsk er avgjerande for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i Noreg.

Integreringslova slår fast at ulike innvandrargrupper skal få opplæring i norsk, men arbeidsinnvandrarar er ikkje omfatta av denne lova og har korkje rett eller plikt til opplæring i norsk. Arbeidsinnvandrarar kan delta i norskopplæringa på lik linje med andre innvandrarar, men då mot betaling.

Valle kommune  vil med bakgrunn i dette leggje til rette for gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrar komande skuleår. Språkopplæringa gjennomførast på Valle vaksenopplæring og oppstart september. Meir informasjon direkte til dei påmeldte.

Søkandsfrist 1.september for haustsemesteret. Kurset blir starta opp med min. 5 deltakarar.

Lenke til vaksenopplæringss si underside

Ønskjer du å delta i norskopplæring ber vi deg om å melde deg på via dette skjema: Søknad/Krav om opplæring i norsk og samfunnskunnskap