Kriterier for grensejustering og makebyte

Grensejustering

  • Arealet for dei involverte eigedomane kan ved ei grensejustering aukes eller reduseras med inntil 5 prosent (maksimalt 500 m2). Det er arealet for den minste av dei involverte eigedomane som avgjer kor stort areal som kan justeres.
  • Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av eigedomane med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp (1G).
  • I tillegg til storleiken på areala må også reguleringsmessige forhold vurderes. Areala som vert rørt av justeringa må vere regulert til same formål. Grensejustering mellom areal med ulik formål (For eksempel veg og bustad) krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova.

Makebyte

  • Makebyte er ei gjensidig overføring av areal mellom to eigedomar.
  • Areala kan vere nokolunde like i storleik og verdi.
  • Ei eining kan likevel ikkje gjeve areal som overstig 20% av eininga sitt areal før justeringa.

Øvrig informasjon

Panterett fell bort i areal som vert gjeve frå ein eigedom ved grensejustering og panterett i eigedom som får lagt til areal utviders til også å omfatte dette.

Ved grensejustering treng det ikkje skrivas skøyte.

Partane må underskive eigen avtale om grensejustering i samband med oppmålingsforretninga.

Kven kan rekvirere ei grensejustering?

  • Grensejustering kan rekvireras/søkas om av heimelshavar, festar, advokatar, kommunen, fylkeskommunen, staten eller andre som har fullmakt, jf. Matrikkellova § 9.
  • I tilfelle der det er eit firma som eig eigedomen, vert det forlanga dokumentert firmaattest av nyare dato.

Rekvisisjon og vidare saksgong

  • Rekvisisjonen skal sendas til kommunen og skal i tillegg til rekvisisjonsskjema innehalde situasjonskart med innteikna justering av grense og eventuelt fullmaktsskjema.
  • Hugs at heimelshavarane for begge eigedomar må underskrive rekvisisjonsskjemaet som du finn her: Rekvisisjon av oppmåingsforretning etter matrikkellova

Saksgong

  • Etter at rekvisisjonen er mottatt, vil ein vurdere om den er innafor reglane for grensejustering.
  • Varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning vert sendt til heimelshavarane, samt naboar til den aktuelle grensestrekninga.
  • Partane vert varsla minimum 2 veker i forkant, dersom ikkje anna er avtalt (jf. Matrikkelforskrifta § 37).
  • Dersom nokon skal møte i staden for dei som er kalla inn, må desse ha skriftleg fullmakt.
  • Det vert halden oppmålingsforretning over areala som skal grensejusteres.
  • Ny grensestrekning vert målt og merkt i marka.
  • Det skal føres protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.
  • Grensejusteringa vert ført i matrikkelen.
  • Etter at oppmålingsforretning er gjennomført, vert det utarbeidd nye matrikkelbrev for eigedomane. Matrikkelbrevet vert sendt til rekvirentane og utdrag av matrikkelbrev vert sendt til rørde partar. Alle partar har 3 vekers klagefrist frå ein har mottatt matrikkelbrevet/utdrag av matrikkelbrevet.