Habilitering er målretta arbeid for å byggje opp og støtte funksjonar, samspel og livskvalitet hos menneske med funksjonshemmingar.

Brukars tenestebehov er ofte samansett. Det gjeld både medisinsk diagnostikk og tverrfaglige funksjonsutreiing. Tenestebehov kan variere og endrast over tid. Det er viktig at det jobbast tverrfaglig med brukarane og at ein gir eit individuelt tilpassa tilbod. Det vert gitt ved å ha ein individuell plan slik at ein også sikrar brukarmedverknad.

Habilitering barn og unge

Det er i teneste til barn og unge med behov for Habilitering disse tenesta som gis:

  • Koordinator og Individuell Plan

  • Oppfølging av tenester gjennom oppretting av ansvarsgruppe. Der kan involverte partar vere brukar, skule, PPT, PLO, føresette, helsesøster, lege, SSHF.

  • Støttekontakt/Fritidsassistent; sikre deltaking og inkludere i fritidsaktivitetar

  • Avlastning; tilbod til personar og familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid for å sikre nødvendig ferie og fritid.

  • Omsorgslønn; tilbod om omsorgslønn til personar med særleg tyngande omsorgsarbeid.

Habilitering vaksne

Tenester som gis til vaksne med behov for tilbod frå Habilitering.

  • Koordinator og Individuell Plan

  • Oppfølging av tenester gjennom oppretting av ansvarsgruppe. Der kan involverte partar vere brukar, verge, representantar frå Pleie og omsorg, lege, fysioterapeut, Setpro, SSHF.

  • Praktisk bistand i form av vegleiing for å kome gjennom ein dag.

  • Støttekontakt/Fritidsassistent; sikre deltaking og inkludering i fritidsaktivitetar

  • Avlastning; tilbod til personar og familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid for å sikre nødvendig ferie og fritid.

  • Omsorgslønn; tilbod om omsorgslønn til personar med særleg tyngande omsorgsarbeid.