Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Har du digital postkasse?

Publisert , Oppdatert 05. februar 2015
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
logo digipost

logo digipost

Snart kan Valle kommune sende ut post og kommunisere elektronisk til alle som har registrert ein digital postkasse. Den løysinga vi har valt å bruke heiter Digipost. Det er ei sikker løysing der du enkelt kan opprette din eigen private postkasse på nett, kostnadsfritt.
 
Kva er digipost?
Digipost er utvikla av Posten Norge. Her kan du enkelt sende og ta imot viktig post. Du kan lagre brev og dokument i eit sikkert arkiv og hente dei fram når du vil, frå kor du vil. Du vil få varsling på e-post eller SMS slik at du veit når du har fått brev i postkassen.
 
Med digital postkasse får du:
• samla post frå det offentlege trygt og gratis ein stad
• tilgong til posten din kor og når du vil
• varsel på SMS eller e-post når du får viktige brev
• raskare svar og informasjon frå det offentlege
• lagra all viktig post samla på ein sikker stad
• spart miljøet og redusert offentlege utgifter
• post frå private avsendararar på same stad
 
Kven sender elektronisk post?
Det offentlege, kommune og stat, skal forbetre sin kommunikasjon med innbyggarane. Alle skal tilby elektronisk kommunikasjon med innbyggarar og brukarar. Setesdalskommunane er tidleg ute og håper så mange brukarar som muleg er klar for å ta imot den. Du får mykje god informasjon om digital postkasse og korleis du bruker den på www.norge.no.
 
Mulegheit til å velje
Vi ynskjer sjølvsagt å legge til rette for at du som innbyggar skal ha mulegheita til å velje det som er mest praktisk for deg. Ynskjer du post elektronisk, vil vi oppmode deg til å registrere deg i Digipost. Vil du framleis få post frå kommunen på papir som før, treng du ikkje å gjere noko. I medhald av Forvaltningslova kan du også reservere deg mot kommunikasjon på nett.

Bilde

digipost[1]
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker