Grunna auka smittesituasjon i Kristiansand og omegn vil vi oppmode alle om å bruke munnbind på stader det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand. Oppmodinga gjeld særleg dei som har vore i Kristiansandsområdet siste 7 dagar.  

Har du vore i ein av utbrotskommunane på Sørlandet, Austlandet eller Vestlandet dei siste 7 dagar så ber vi deg om å halde avstand og sosial distanse, fylgje smitteverntiltaka og teste deg ved mistanke om Covid -19 symptom.

Om du skal teste deg og har vore i dei aktuelle kommunane ber vi deg ta kontakt med legekontoret for avklaring om du skal testast og om tidspunkt for slik testing. Samstundes ber vi alle som ikkje har viktige grunnar for å reise til dei råka kommunane så lenge dei er omfatta av desse strenge tiltaka, unngå dette.