- Dette gjer vi ettersom tilgong til hjartestartar er eit godt tryggleikstiltak. Både unge og eldre kan bli ramma av hjartesvikt, og då er rask behandling viktig. Vi har hatt hjartestartarar i fleire av kontorbygga og kraftstasjonene våre lenge. Vi har no sett ut fleire både for å auke tryggleiken for personell som arbeider i anlegga våre, og samtidig gjere hjartestartarane tilgjengelege for ålmenta, seier Arild Elvenes, HMS-leiar i Agder Energi Vannkraft.
Han fortel at initiativet har kome frå tilsette i selskapet, og at det blei positivt motteke av arbeidsmiljøutvalet og leiargruppa.
Geografisk spreiing
Agder Energi Vannkraft har kjøpt inn 10 nye hjartestartarar, som er plassert utanfor kraftstasjonar og kontorbygg. I tillegg er sju hjartestartarar som tidlegare har vore montert inne i kraftstasjonar flytta utanfor desse, slik at hjartestartarane også er tilgjengelege for ålmenta.
- Vi har anlegg fleire stader i Agder og i Vestfold og Telemark fylke, og dei er i hovudsak utanfor tettbebygde strøk. Vi har difor vald å fordele hjartestartarane på fleire stader i området vårt, seier Elvenes.
Hjartestartarane er registrert i det offentlege hjartestartarregisteret, som driftast av helsemyndigheitene. Registeret gjer hjartestartarane tilgjengeleg for 113-sentralane og i Luftambulansens app «Hjelp 113».
Stad: | Kommune: |
Brokke kontorbygg | Valle |
Dynjafoss kraftstasjon | Nissedal |
Evenstad kraftstasjon | Froland |
Hanefoss kraftstasjon | Birkenes |
Holsmoen kontorbygg | Bykle |
Hunsfoss Øst kraftstasjon | Vennesla |
Høgefoss kontorbygg | Nissedal |
Høylandsfoss kraftstasjon | Kvinesdal |
Iveland kraftstasjon | Iveland |
Laudal kontorbygg | Lindesnes |
Kuli kraftstasjon | Sirdal |
Nomeland kraftstasjon | Iveland |
Rygene kontorbygg | Grimstad |
Skarje pumpestasjon | Bykle |
Skjerka kontorbygg | Åseral |
Steinsfoss kontorbygg | Vennesla |
Åmli kraftstasjon | Åmli |