Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Hausten er tid for viltpåkøyrsler – kva skal du gjere om det hender?

Publisert , Oppdatert 04. november 2022
Viltbånd

Hausten er tida på året då det skjer flest viltpåkøyrsler. Å køyre på ein elg eller eit rådyr kan vere både skremmande og farleg. Ei viltpåkøyrsle medfører materielle skader, lidingar for dyret som er treft, og kan medføre personskade.

I veke 45 (7.-11. november) vil Agder fylkeskommune og kommunane i Agder ha eit spesielt fokus på viltpåkøyrsler.

Målet er å få ut informasjon om kva den enkelte kan gjere for å redusere risikoen for viltpåkøyrsler og kva du skal gjere om uhellet er ute.

Det blir delt ut såkalla «viltband» ein rekke stader i kvar kommune der innbyggjarane er innom med bil.

Dette er eit band som burde vere fast inventar i alle bilar. I samband med viltpåkøyrsle blir det brukt til å merke staden kor påkøyrsla gjekk føre seg, slik at staden vert enklare å finne att for dei som har ansvar for oppfølging etter ei viltulykke.

På viltbandet er det tydeleg beskrive kva ein skal gjere i ein slik situasjon. Her kan ein også finne enkle nyttige fakta om åtferda til hjortevilt og kva ein kan gjere for å redusere risiko for påkøyrsle.

Agder fylkeskommune og Agder-kommunane håpar at å løfte fram dette temaet kan bidra til færre viltpåkøyrsler og at egdane får god informasjon om kva ein skal gjere dersom uhellet oppstår.

Sjå bilete av band med tekst eller vedlegg med tekst som står på bandet.

Bilde

viltband2
viltband1
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker