Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei teneste som etter søknad og vurdering gjev tilbod om sjukepleie i heimen. Eksempel på tenester er sårskift for dei som har vanskar med å kome seg til legekontoret, medinsinering i dosett eller multidosar, injeksjonar, hjelp til personleg hygiene med meir.

Heimesjukepleie er ei gratis teneste.

Heimehjelp

Heimehjelp er ei yting til innbyggjarane i Valle som etter søknad og vurdering gjev tilbod om praktisk hjelp i heimen.

Eksempel på tenester er reingjering, matlaging, innkjøp og klesvask.

Habilitering

Habilitering er ei teneste som etter søknad og vurdering gjev tilbod om hjelp i heimen. Ei teneste for den som er funksjonshemma pga. sjukdom, skade eller lyte.

Habilitering skal bidra til å utvikle funksjonsevna til den enkelte, slik at ein kan mestre kvardagen best mogleg.