Skulehelsetenesta er ei vidareføring av den oppfølginga barnet fekk på helsestasjonen. Programmet skulehelsetenesta tilbyr følgjer Helsedirektoratets forskrift for kommunenes helsefremmende og førebyggande arbeid i skulehelsetenesta. For meir informasjon klikk her

Det er helsestasjon i Valle, Bykle og på Hovden. Det jobbar to helsesøstrer i tenesta. Monique Vatsend Jore som og er tenestekoordinator har kontor i Valle, medan Ingrid Bjønnes har kontor i Bykle og på Hovden. Ingrid har for tida permisjon og konstituert helsesøster Merete Egeland er vikar.  

Helsestasjon 0-6 år -  Klikk her
Valle:  måndag kl 8-14.
Bykle: stengt
Hovden: måndag kl. 08.30-15.00

Helsestasjon for ungdom mellom 13-20 år
Valle: måndag kl. 15.00-17.00
Hovden: måndag kl. 15:30-17:00

Skulehelsetenesta
Helsesøster er på skulen faste dagar.


Valle skule: Kvar tysdag og onsdag.
Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle: onsdag kl 13:30-15:00.

Bykle skule:  tysdag kl. 08.30 - 15.00
Fjellgardane skule: torsdag 08.30 - 11.00
Setesdal vidaregåande skule, avd. Hovden: onsdag 08.30 - 11.00

 

Skolehelsetenesta er ei videreføring av den oppfølginga barnet fekk på helsestasjonen.

Formålet med skolehelsetenesta er å fremme fysisk og psykisk helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, og å forebyggje sjukdom og skade hos eleven.

 

Programmet skolehelsetenesta tilbyr fyljger Helsedirektoratets forskrift for Kommunenes helsefremmande og forebyggjande arbeid i skolehelsetenesta.

 

Skolestart :  Helseundersøking ved helsesøster og lege.

2. klasse   :  Tilbod om vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og poliomyelitt

                    ( Tetravac).

3. klasse   :  Elevsamtale.

                    Måling av høgde og vekt, synstest,  målretta helseundersøking.

6. klasse   :  Tilbod om vaksine mot meslinger, kusma og røde hunder (MMR).

7. klasse   :  Tilbod om vaksine mot livmorhalskreft (HPV- vaksine).

8. klasse   :  Elevsamtale.

                    Måling av høgde og vekt ,synstest,  målretta helseundersøking.

10. klasse  :  Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

 

I tilegg kan det gjerast avtale om syn/ hørselprøve, elev /foreldre/ gruppesamtalar, veiledning og medvirkning i undervisning av aktuelle tema.

Heimen vil få skriftleg informasjon før planlagte oppgåver.

 

Elevar, foreldre/foresette og lærare er velkomne til å ta kontakt.

 

Med helsing

Monique V. Jore

Helsesjukepleiar

Mobilnr 95281818