Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal ivareta eit heilskapleg førebyggande og helsefremmende arbeid gjennom å:

•    Fremme psykisk og fysisk helse
•    Fremme gode sosiale og miljømessige forhold
•    Førebygge sjukdom og skade.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ei videreføring av den oppfølginga barnet fekk på helsestasjonen.

Formålet med skulehelsetenesta er å fremme fysisk og psykisk helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, og å forebyggje sjukdom og skade hos eleven.


Helsesjukepleiar er på Valle skule kvar onsdag og torsdag.


Programmet skulehelsetenesta tilbyr fyljger Helsedirektoratets forskrift for Kommunenes helsefremmande og forebyggjande arbeid i skulehelsetenesta.

Skolestart :  Helseundersøking ved helsesøster og lege.

2. klasse   :  Tilbod om vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og poliomyelitt ( Tetravac).     

3. klasse   :  Elevsamtale. Måling av høgde og vekt, synstest,  målretta helseundersøking.

6. klasse   :  Tilbod om vaksine mot meslinger, kusma og røde hunder (MMR).

7. klasse   :  Tilbod om vaksine mot livmorhalskreft (HPV- vaksine).

8. klasse   :  Elevsamtale. Måling av høgde og vekt ,synstest,  målretta helseundersøking.

10. klasse  :  Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt.

I tilegg kan det gjerast avtale om syn/ hørselprøve, elev /foreldre/ gruppesamtalar, veiledning og medvirkning i undervisning av aktuelle tema.

Heimen vil få skriftleg informasjon før planlagte oppgåver.

Elevar, foreldre/foresette og lærare er velkomne til å ta kontakt.

Helsestasjon i Valle, Bykle og på Hovden

Det er helsestasjon i Valle, Bykle og på Hovden. Det jobbar to helsesjukepleiarar i tenesta. Monique Vatsend Jore som og er tenestekoordinator har kontor i Valle, medan Ingrid Bjønnes har kontor i Bykle og på Hovden. Ingrid har for tida permisjonm helsesjukepleiar Elisabeth Marcussen er vikar.  

Helsestasjon 0-6 år

Helsestasjon 0-6 år -  Klikk her
Valle:  måndag kl 8-14.
Bykle: stengt
Hovden: måndag kl. 08.30-15.00

Helsestasjon for ungdom mellom 13-20 år

Helsestasjon for ungdom er et gratis tilbud til deg som er mellom 13 og 20 år.

Helsesjukepleiar tar i mot ungdom for samtale, helseopplysning og rådgjeving om blant anna søvn, kosthald, prevensjon, seksuelt overførbare infeksjonar(SOI), seksualitet, tobakk, alkohol, rus, psykisk- og fysisk helse. Du kan få avtale om time hos lege.

Ingen timebestilling.

Alle som arbeider på helsestasjonen har teieplikt.

 

Tid : Kvar tysdag kl 15-17 (Stengt i skolens ferier).

Stad: Helsehuset - inngong 2.etg

VELKOMEN !!!!!

Valle skule

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar er på skulen faste dagar.

Valle skule: Kvar onsdag og torsdag.

Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle

Skulehelsetenesta
Helsesjukepleiar er på skulen faste dagar.

Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle: onsdag kl 13:30-15:00.

Bykle skule

Skulehelsetenesta
Helsesjukepleiar er på skulen faste dagar.

Bykle skule:  tysdag kl. 08.30 - 15.00

Fjellgardane skule

Skulehelsetenesta
Helsesjukeleiar er på skulen faste dagar.

Fjellgardane skule: torsdag 08.30 - 11.00

Setesdal vidaregåande skule, avd. Hovden

Skulehelsetenesta
Helsesjukepleiar er på skulen faste dagar.

Setesdal vidaregåande skule, avd. Hovden: onsdag 08.30 - 11.00