Hukommelsesteamet har to oppgåver

  • Utreiining av heimebuande personar som har problem med hukommelse eller dersom ein mistenker demens.
  • Drifte pårørandeskuler for pårørande til personar med hukommelsesproblemer og demens.

Hukommelsesteamet er samansett av følgjande personar

  • Koordinator Bjørn Harald Hagen (Evje og Hornnes)
  • Sjukepleier Anette Trydal (Bykle)
  • Sjukepleier Gerd Torhild Helle Aakhus (Valle)
  • Vernepleier Anne Elisabeth Fjose (Bygland)
  • Sjukepleier Oddveig Flåt Åvitsland (Evje og Hornnes)
  • Kommunelege Hallvard Mosdøl (Valle)

 

Dei hukommelsesteamet kjem i kontakt med, har til felles at det har skjedd ei mental endring. Hukommelsesproblema er ofte ein del av bilete.  Årsakane kan vere fleire og samansette. Det treng ikkje være demenssjukdom. Til grunn for problema det skapar i kvardagen kan være ulike høve; så som depresjon, sorg, tap, ekstraordinære påkjenningar, psykisk sjukdom, forvirringstilstandar og fysisk sjukdom. Ei kartlegging av hukommelsesteamet kan bidra til å utelukke eller konstatere ein eller fleire  tilstandar.

 

Nyttige linker

Helsenorge

Demenslinjen