Kriseleiinga har i dag fått melding om at ein hytteturist har fått påvist Covid -19. Dette reisefølgjet har reist heim og følgjast opp av helsetenesta i heimkommunene. Det er ytterlegare to nærkontaktar i Valle kommune som sit i karantene gjennom påska.
 
Vi oppfordrar alle til å ha vedvarande fokus på smittevern og bestille test på koronatelefonen nummer 48 99 15 10 mellom 14-15 dersom ein får symptom på korona.
 
 
Det vart også meldt frå kriseleiinga i Bykle om at hytteturist er smitta, men også dei har reist heim til sin heimkommune.