Kommunehuset vil framleis vere stengt førebels ut mai. Dette grunna situasjonen med korona og dei nasjonale føringane i høve til dette. Dersom dei nasjonale føringane vert lempa på vil vi kunne opne att for publikum.

Kyrkjestoga er no stengt, men det vil vere mogleg å låne videokonferanserommet på kommunehuset til møte.
Det skal ikkje vere meir enn 5 personar til stades, og de må halde avstand på 2 meter.
Meir informasjon i høve smitteverntiltak får den enkelte som skal låne rommet.

Dei fleste kommunetilsette i administrasjonen vil ha heimekontor ei god stund til,
men alle er å få tak i pr. telefon og e-post.

 

Sentralbordet har utvida opningstider frå 08.00-15.00 mens kommunehuset er stengt
Telefon: 379 37 500