Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon frå Bykle og Valle helseteneste

Publisert , Oppdatert 28. oktober 2022
Informasjon frå helseavdelinga

Personar med diabetes som bruker medisinar som senker blodsukkeret, må søkje om nytt førarkort innan 1. januar 2023, viss førarkortet er gyldig i meir enn fem år. Du må ha legeattest for å få nytt førarkort.

Det er berre dei som bruker blodsukkersenkande legemiddel som må fornye førarkortet. Dei som regulerer med kosthald, treng ikkje dette.

Dette gjeld dei som har førarkort for moped (AM), snøscooter (S), traktor (T), motorsykkel (A1, A2 og A), personbil (B) og personbil med hengar (BE).

Bakgrunnen er krava i EUs førarkortdirektiv, som medfører at personar som bruker blodsukkersenkande medisinar må følgjast opp av fastlege.

Ta kontakt med Valle eller Bykle legekontor for timebestilling eller dersom du lurar på om dette gjeld deg.

Valle legekontor tlf. 379 37 540

Bykle og Hovden legekontor tlf. 379 38 670/379 38 680

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker