Frå hausten må helsetenesta i Bykle og Valle arbeide med kvalitetssikringsarbeid. Dette er pålagt arbeid, og det vil gjelde begge kommunar. Dette vil føre til noko lengre ventetid på legetime.

Alle som treng time der det hastar grunna sjukdom, kjem inn raskt, som tidlegare.

Fastlegane  i Bykle / Hovden , Liv Inger Varsi og Maren Østvold nyttar frå hausten E-konsultasjon der du kan konsultere lege gjennom digital dialog når du går inn på www.helsenorge.no . Vi ber deg nytte denne tenesta. Her kan du mellom anna bestille legetime, fornye reseptar og konsultere fastlegen din.

Ein E-konsultasjon kostar det same som ein vanleg legekonsultasjon, og du får rekning (utan gebyr).