Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon frå Teknisk eining:

Reparasjon på vassleidning i sentrum

Publisert , Oppdatert 10. november 2022
Informasjon+frå+teknisk

Oppdatert kl. 06.00: 

Det varsla reparasjonsarbeidet på vassledninga har pågått i heile natt og er no ferdig og vasstrykket er normalt sør for Leite. Hugs å spyl ut event brunt vatn og luft i kaldtvasskran.

Berørte abonnentar vil verte oppdaterte fortløpande om det vidare arbeidet.

Det er framleis lekkasje på vassleidinga mellom Haugebirke og Valle sentrum. Ei midlertidig løysing sikrar vassforsyninga frå delar av Leite og sørover til Åmli, men enkelte kan oppleve lågare vasstrykk når forbruket er stort. Reparasjon av leidninga må skje i fleire omgangar, og første reparasjon vil skje i kveld (09.11 kl 22:00). I dette høvet vil vatnet verte stengt i delar av Leite og sørover til Åmli. Vatnet vil vere tilbake innan morgonen. Bebuarar i området vil få melding på sms når arbeidet er ferdig.

 

Neste reparasjon er planlagt 10.11 kl 22:00. Nærare informasjon om dette vil kome.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker