Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Informasjon frå Teknisk eining:

Vasslekkasjen, siste del

Publisert
Vasslekkasje

Tysdag lukkast Teknisk endeleg å finne lekkasjen på vassleidninga som det har vore problem med i snart to veker. Fleire forsøk med feilsøking gav endeleg utslag på jordet mellom Leite og Valle sentrum. Ny teknologi, som innebar fylling av gass (ufarleg, sjølvsagt) på leidningsnettet med påfølgande «sniffing» langs traséen, viste seg å vere løysinga. Lekkasjen vart raskt lokalisert og konkludert med å vere eit sprekt røyr. Gravearbeidet tok til tysdag morgon og røyret vart reparert natt til onsdag.

Me vil takke tolmodige abonnentar som har synt forståing for fleire vassbrot den siste tida, og vonar det vert lenge til neste gong.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker