Ansvar

Kommunen har jf. Smittevernloven § 7-1 ansvar for at alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen er sikra naudsynte førebyggande tiltak mot smittsame sjukdomar. Kommunen har også ansvar for å føre tilsyn og sørge for at reglane i smittevernlova vert overhalde.

Bedrifter

På bakgrunn av dette vil det i løpet av desember bli foretatt kontroll av Securitas hjå samtlege bedrifter der det er eit kundemottak. Med dette meinest bilverkstader, butikkar, frisør, massasje osv. Dette for å sjå til at bedrifter følgjer dei smittevernråda og tiltaka som helsemyndigheitene tilrår. Vi er på veg inn i ei tid med mykje hyttefolk og mange heime i bygda, og for å halde smitten på eit minimum, er det ekstra viktig at bedriftene har fokus på smittevern.

Arrangørar

Når det gjeld arrangement er den enkelte arrangør pliktig til å sette seg inn i smittevernreglane. Meir informasjon finn du på denne nettsida: https://www.helsenorge.no/koronavirus

Valle kommune følgjer nasjonale råd med omsyn til smittevern. Me forventar at den enkelte arrangør gjer det same.

Politiet

Skal vi oppretthalde ein god smittesituasjon er det viktig at vi følgjer smittevernråda. Politiet er no pålagt eit nytt tilsynsansvar, og kan skrive ut bøter dersom privatpersonar, bedrifter eller andre bryt smittevernforskrifta.

HUGS!

  1. Hald deg heime dersom du er sjuk, hostar eller føler deg uvel
  2. Hald minst 1 meters avstand
  3. Hugs god handhygiene, vask hender og/eller bruk handdesinfeksjon ofte.

 

Vi gjer dykk merksam på at dette er gjeldande reglar per. 25. november. Evt. endringar vil leggjast ut på heimesida og på facebook.