Administrasjonen er godt i gong med å handsame alle søknader som har kome inn. Vi meiner å skulle klare å sende ut løyver til alle dei som søkte innan fristen før 01.01.2021.

Har du framleis ikkje søkt er det ikkje for seint. Vi handsamer søknader som kom inn etter fristen fortløpande når vi er ferdige med dei som kom før 15.10.

Har du spørsmål i høve skuterløyver har vi to kontaktpersonar:

Ordinære løyver - Torbjørg Trydal på telefon 904 03 733

Ervervsløyve, næringsløyve, funksjonshemma og vedløyve - Kristin Furuløkken 917 28 460

 

Søknadsskjema og anna informasjon finn du her:  https://www.valle.kommune.no/snoeskuterloeyve-2020-2024.6318675-522028.html