Valle kommune tilrår sterkt at alle innbyggarar og hytteeigarar set seg godt inn i dei nasjonale reglane og oppmodingane som no gjeld.

Desse er skildra i sin heilskap på:

 https://www.helsenorge.no/koronavirus

 

Vi uthevar dei viktigaste punkta her:

- Bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halda to meter avstand inne

- Valle kommune tilrår alle å lasta ned smittestopp appen

- Hald 2 meter avstand til andre der det er mogleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur åleine

- Ha maks to gjestar på besøk og dette inkluderer tilhøyrande uteområde

- Ha få kontaktar og dei same over tid. Vi tilrår maks ti sosiale kontaktar per veke

- Kjem du frå eit område med høg smitte, bør du ikkje overnatte på hotell eller tilsvarande overnattingsstader i Valle

- Viss du bur på ein stad der kommunen ikkje tilrår besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk dersom du oppheld deg i Valle

- Hald deg heime viss du er i karantene eller ventar svar på koronatest

- Hald deg heime viss du ikkje er frisk og test deg ved minste mistanke. Då tar du kontakt med Valle legekontor på telefon 37 93 75 40 på dagtid på kvardagar. I helger tar du kontakt med 48 99 15 10 mellom kl 14-15

- Dersom du testar positivt eller blir sett i nærkontaktkarantene medan du er på hytta, skal du reisa heim til kommunen du kjem frå

- Barn og ungdom kan vere saman med kohortane sine som normalt, også innandørs

- Arbeidsgjevar skal sørge for at tilsette jobber heimefrå på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg.

 

Ved tvil er du velkomen til å ta kontakt med kommuneoverlegen på e-post:

benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

 

Har du spørsmål til kriseleiinga kan du sende på e-post til:

kriseleiing@valle.kommune.no