Etter 1. november 2020 er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemnar) i kommunen.

Oppgåvene som er overført til skatteetaten er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

 

Du finn meir informasjon på SKATTEETATEN.NO Her kan du finne svar på mange spørsmål og moglegheiter for å sende inn spørsmål, søknader, bestilling av utskrifter, klager mm via nett. Treng du meir hjelp, kan du kontakte skatteetaten på telefon 800 80 000.

Publikumsrettleiinga ved skattekontoret er no på grunn av koronasituasjonen berre tilgjengeleg for tilfelle der det er naudsynt med personleg oppmøte. Spørsmål om skatteoppkrevjaroppgåver vert vist til skatteetaten.no eller telefon 800 80 000