Arbeidet med å bygge om lag 5 kilometer med ny riksveg 9 mellom Besteland og Helle er nå godt i gang. Hensikta med prosjektet er å auke trafikktryggleiken og framkomsten ved å utbetre kurver, etablere sikkert sideterreng, auke vegens bereevne og betre siktforholda.

Det er også bestemt at det skal byggast om lag 770 meter med gang- og sykkelveg frå avkøyrsel til Helle bustadfelt og fram til prosjektets avslutning i nord. Denne skal vere ferdig i løpet av juni 2022.

 

Når det gjeld vidare framdrift på bygging av ny riksveg har entreprenør Bjelland AS som mål å legge fyrste laget med asfalt på nærare 3,5 km innan sommarferien i år. Dette gjeld strekninga frå prosjektets start sør for Besteland og fram til like sør for avkøyringa til Helle bustadfelt, med eit lite opphald omtrent midtvegs. Bjelland ønsker å gjere seg så godt som ferdig med veg og sideterreng (vegetasjonsdekke, rekkverk mv.) før trafikken blir lagt om på den nyasfalterte vegen. Trafikken vil av den grunn bli lagt om etappevis på ny riksveg utover hausten. Framdriftsplanen kan sjølvsagt bli justert dersom det skulle oppstå uventa hendingar undervegs. 

I tilknyting til dette arbeidet er det til tider behov for å stansa trafikken forbi deler av området. Normalt kan vegen bli stengt i inntil 15 minutt om gongen. I heilt spesielle tilfelle kan vegen dessutan stengast i inntil 1 time mellom klokka 20:00 og 06:00 på måndagar, tysdagar og onsdagar. Det vil ikkje bli føretatt sprenging før etter klokka 08:30 på morgonen. Dette med omsyn til skulerute og annan morgontrafikk. Det vil tidvis berre vere eitt køyrefelt på strekninga, med lysregulering i kvar ende

 

Statens vegvesen takkar både innbyggjarar og trafikantar for god tolmod under arbeidet med ny riksveg, og oppmodar alle til omsynsfull køyring gjennom anleggsområdet.

 

 

Kontaktinformasjon: 

 

Statens vegvesen                                                               Bjelland AS

Byggeleiar: Håvard Sandkjær Fjærbu                                                                              Anleggsleiar: Tor Helge Jensen

Mobil 90749471                                                                                                                   Mobil 99280598

 

 8fYCThpCb 6wKUAAAAASUVORK 5CYII=