Som eit tiltak for å redusere smittefaren har rådmann og kommuneoverlege/smittevernlege bestemt å stenge Sæbyggjen, Vallehalli/kultursenteret inkl. symjehallen og møykjerommet.  Dette inneber at det ikkje vert noko aktivetet i høve verken ungdomsklubb/juniorklubb, kulturskule mm. Faste tilbod i regi av kommunen i desse lokala er avlyst inntil vidare.

Det er berre sjølve biblioteket som er stengt i tillegg til hallen og bassenget (heile kultursenteret). Kyrkjestoga og soknehuset er ope for møteverksemd, og det er opp til arrangørar om dei vil gjennomføre det som er planlagt. Ein gjer merksam på at det er restriksjonar i høve større arrangement med meir enn 50-100 deltakarar sjå linken http://www.valle.kommune.no/restriksjonar-arrangement.6292977-425547.html

Når det gjelder barnehage, skule og SFO, så blir hallen, symjehallen og møykjerommet ikkje tatt i bruk.

 

Ein oppmoder publikum om å ta kontakt med oss i kommunen via telefon eller e-post. Sentralbordet er ope i tida 09.00 – 14.00, men du kan ringe sakshandsamarar direkte i tida 07.30 – 15.00. Telefonnummer til kommunen er 37937500 ellers finn du telefonnummer til dei fleste sakshandsamarar mm HER