Midt-Agder Friluftsråd har starta opp med TellTur i heile regionen. TellTur er friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering. Via appen «Norgeskart Friluftsliv» kan ein «sjekke inn» på bestemte turmål, og få registrert poeng.

 

I Valle er det foreløpig lagt ut 11 turmål, men du kan også gå turar i andre kommunar om du vil. I heile regionen er det lagt ut over 230 turmål. Du kan registrere turar heilt frem til årsskifte. Alle som oppnår 200 poeng eller meir, er med i trekninga av flotte premiar. Vi trekker også ein tilfeldig vinnari slutten av kvar månad. Du må ha registrert minst ein tur for å være med i denne trekninga. Vinnaren vert offentleggjort på nettsida og på Facebooksida til Midt-Agder Friluftsråd.

Kom i gang med TellTur:

  1. Registrer deg først som brukar på www.TellTur.no
  2. Last så ned gratis appen «Norgeskart friluftsliv»
  3. Åpne venstre sidepanel på appen og klikk på «TellTur»
  4. Logg inn med brukernavn og passord

 

For å samle poeng vel du sjølv om du vil gå den samme turen mange gonger, eller om du vil gå til forskjellige turmål. Vær merksam på at på at det ikkje er fysiske kodar eller skilt på stadene. Når du er innanfor 50 meter av målet vil du kunne sjekke inn på turmålet gjennom appen.

 

For meir informasjon sjå: http://www.midt-agderfriluft.no/tur-aktivitet/telltur