Informasjon om tilskot ved produksjonssvikt
Informasjon frå landbruksavdelinga:
Det har vore ein tørr sommar, og landbruksavdelinga i Valle kommune minner om at mange bønder har moglegheit til å søkje om tilskot ved produksjonssvikt. Informasjon om søknadsprosessen finnast på landbruksdirektoratet sin side : https://www.landbruksdirektoratet.no/nn/ordningar/jordbruk/tilskot-ved-produksjonssvikt
Her kan du sjå kva slags produksjonssvikt du kan søkje tilskot for. Du kan også gå frå denne sida og rett inn til søknadsløysinga i altinn. Eller du kan skrive ut papirsøknad.
Avlinga må vere 70% eller mindre av eit normalår, men du skal varsle kommunen så snart du kan dersom du trur du kan komme ned i mot 70% avling eller under.
Søknadsfrist 31.oktober.