Valle kommune er godt i gang med å vaksinera befolkninga.

Alle over 75 har fått tilbod om vaksine og ein er no i gang med å vaksinerere befolkninga som er mellom 65-74 år. I tillegg blir pasientar mellom 18-65 år som er i høg risiko tilbode vaksine no. Alle blir kontakta direkte av helsepersonell med tilbod om vaksinetidspunkt!

For din tryggleik: det er alltid ein tilsett frå din bustadkommune som ringer deg når det er din tur å få vaksine. Du kjem blant anna til å verte spurt om du ynskjer å ha vaksine, og du kjem òg til å få informasjon om når du kan rekne med å bli kalla inn til vaksineringa. Sjølve innkallinga skjer via telefonsamtale, men kan òg skje via SMS om dette er avtalt med deg på førehand. Kommunen nytter aldri internettet til å kalle deg inn, korkje Twitter, Facebook eller andre sosiale media. Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, private aktørar og andre kjem aldri til å tilby deg vaksinasjon på vegne av kommunen.

Førebels blir det vaksinert berre med Pfizer/Biontech vaksinen i Bykle og vi får auka mengde vaksineglas over dei neste vekene. Vi håper at alle vaksne i kommunen er vaksinert i løpet av sommaren 2021. Vaksina er gratis.

Vi oppmoder alle som har fastlege ein annan stad enn i Valle kommune og har høg eller moderat risiko - om å kontakte sin fastlegen og sikra at denne vidareformidlar beskjed om risiko til kommuneoverlegen i Valle.

Spørsmål om vaksinasjon kan rettast til kommuneoverlegen på:
benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

Denne sida blir oppdatert vekentleg.

 

 

For meir informasjon om vaksinering sjå denne linken: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet

 

P 8OXNuf noQPAAAAAElFTkSuQmCC

 4FQaJHiTMEpLsAAAAASUVORK 5CYII=

AV 2Y 8qs 85Ra AAAAAElFTkSuQmCC