Vaksinasjon er vegen ut av denne pandemien og vi er svært glade for at befolkninga viser stor interesse for vaksine.

I Valle har alle over 45 år, kritisk helsepersonell og personar i risikogruppene fått tilbod om første dose. Vi vaksinerer no personar mellom 45-54 år. Frå veke 29 starter vi med gruppa 18-24 år og 40-44 år. På same tid vil inntil 10% av vaksinane bli tilbudt tilsette i skoler og barnehager. Til slutt vert personar i aldersgruppa 25-39 år vaksinert. Vi håper og trur at alle skal ha fått tilbod om vaksine innan utgangen av august.

Førebels blir det gjeve tilbod om vaksine ned til 18 år, men det blir vurdert av myndigheitene om alle over 12 år skal få tilbod om vaksina. Meir informasjon om dette følgjer når vi har det.

Vaksina er gratis. Slik retningslinjene er no, skal friske personar under 65 år få andre dose 12 veker etter første dose. Du vil få innkalling til denne også.

Du vil få ein privat sms når det er din tur til å få vaksine. Ein må forvente at vaksinasjonen skal føregå gjennom sommaren, men foreløpig har Valle kommune motteke få vaksiner. Det er svært viktig at ein ikkje lager planar for sommaren som ikkje kan flyttast ved behov.
Det er primært torsdag som vil vere vaksinasjonsdag, men dersom vi får svært store leveransar, vil det òg kunne bli aktuelt å vaksinere andre dagar.

 

Vaksinasjonen føregår på Bykle samfunnshus. Dette gjeld både for dei som skal få andregongsvaksine og førstegongsvaksine. Innkallinga kjem ca ei veke før på SMS. Det er svært viktig at du kontaktar legekontoret dersom du ikkje kan møta på oppsett tidspunkt eller at du ikkje ynskjer vaksine. 

Ikkje møt opp og gje oss raskt beskjed dersom du:

• På vaksinasjonsdagen har symptom på forkjølelese eller feber over 38 °C

• Venter på testsvar, er i karantene eller isolasjon grunna koronasjukdom

• Har gjennomgått koronasjukdom for mindre enn 3 månader sidan

• Har vorte vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar

• Er gravid utan å tilhøyra risikogruppe for alvorleg koronasjukdom

 

Møt på angitt tidspunkt, ikkje tidlegare. Ta med munnbind. Parker på tilvist plass og følg pilene gjennom samfunnshuset. Sprit hendene godt og følg alle instruksjonar.

 

Grønt område er parkering og det er også høve til å parkere ved rådhuset. Raud pil er inngong og blå pil er utgong.

AzfoBHeenSpnAAAAAElFTkSuQmCC

 

Det er viktig at du går gjennom følgjande spørsmål på førehand og at du ringer legekontoret dersom nokon av punkta gjeld for deg:

 

• Har du hatt allergisk reaksjon på denne vaksinen eller innhaldsstoffa

tidlegare?

• Har du tidlegare hatt alvorleg (livstruande) allergisk reaksjon på andre

vaksinar, mat, medisinar eller anna?

• Har du på grunn av astma i løpet av det siste året fått minst 2 kortisonkurer

eller vore innlagt i sjukehus?

• Har du mastcellesykdom?

• Har du auka blødningstendens?

• Har du kraftig redusert immunforsvar?

 

Spørsmål om vaksinasjon kan rettast til kommuneoverlegen på: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

 

Denne sida blir oppdatert vekentleg

 

 

For meir informasjon om vaksinering sjå denne linken: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/ og https://www.fhi.no/publ/diverse/koronavaksinekampanje----med-vaksine-kan-vi-endelig-se-fremover/