Valle kommune er godt i gang med å vaksinere befolkninga.

 

I Valle blir no årskulla som er fødde rundt 1954/1955 vaksinert. I tillegg blir helsepersonell og pasientar i risikogruppene vaskisnert. Slik prognosane ser ut no, vil vi vere ferdige med desse særskilde gruppene i løpet av mai. Deretter vil befolkninga bli vaksinert ut frå alder. Ein startar på 64 år og går gradvis nedover.

Fram til no har vi hatt vaksineringa på legekontoret, men frå mai/juni vil vaksinasjonen føregå på Bykle samfunnshus for både Valle og Bykle. Ein må forvente at vaksinasjonen skal føregå gjennom sommaren og vi forventer store leveringar i juli. Vi gjer merksam på at ein ikkje bør legge planar for ferien som gjer
at du ikkje kan møte på vaksinering når du blir kalla inn. Ei innkalling vil du få ca. ei veke før. Dersom ein ikkje kan møte blir ein sett bakerst i køen. Vaksineringa vil i fellesferien i regelen skje på torsdagar. Det er svært viktig at alle møter til timen sin slik at ein unngår å måtte kaste doser.

Vaksinasjon er vegen ut av denne pandemien og vi er svært glade for at befolkninga viser stor interesse for vaksine. Eventuelle spørsmål kan rettast til kommeuneoverlege Benedicte Severinsen på benedicte.severinsen@bykle.kommuna.no eller telefon 90205152

For din tryggleik: det er alltid ein tilsett frå din bustadkommune som ringer deg når det er din tur å få vaksine. Du kjem blant anna til å verte spurt om du ynskjer å ha vaksine, og du kjem òg til å få informasjon om når du kan rekne med å bli kalla inn til vaksineringa. Sjølve innkallinga skjer via telefonsamtale, men kan òg skje via SMS om dette er avtalt med deg på førehand. Kommunen nytter aldri internettet til å kalle deg inn, korkje Twitter, Facebook eller andre sosiale media. Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, private aktørar og andre kjem aldri til å tilby deg vaksinasjon på vegne av kommunen.

Førebels blir det vaksinert berre med Pfizer/Biontech vaksinen og vi får auka mengde vaksineglas over dei neste vekene. Vi håper at alle vaksne i kommunen er vaksinert i løpet av sommaren 2021. Vaksina er gratis.

Vi oppmoder alle som har fastlege ein annan stad enn i Valle kommune og har høg eller moderat risiko - om å kontakte sin fastlegen og sikra at denne vidareformidlar beskjed om risiko til kommuneoverlegen i Valle.

 

Denne sida blir oppdatert vekentleg.

 

 

 

For meir informasjon om vaksinering sjå denne linken: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet

 

UDw 2YaAAAAABJRU 5ErkJggg==