Arbeidet med å legge desse bygningane/gebyret inn i faktureringssystemet vert gjort maskinelt. Det kan vere feil i desse opplysningar og det kan vere at nokon får faktura, sjølv om vedkomande ikkje skulle hatt det. Grunnar til dette kan f.eks vere at bygninga har rotna, det ikkje er omn eller plombert pipe.

 

Dersom de har fått faktura på bygning som ikkje skulle hatt gebyr må de sende inn søknad om fritak.

Grunnlag for fritak: 

  • Plombering av eldstad. Eldstad(ar) vert plombert av brannvesenet. (Timekostand og km for utført teneste kjem i tillegg)
  • Eldstad(ar) koplast frå skorstein. Skal dokumenterast i form av bilete/dokumentasjon.
  • Byggverk er ikkje beboeleg. Skal dokumenterast i form av bilete/dokumentasjon og skriftleg søknad.

 

Fritakssøknad sendast til Valle kommune.

 

Mottatt faktura må betalast, men dersom bygninga får fritak vil gebyret kome i frådrag neste gong ein fakturerer feie- og tilsynsavgift (desember 2021).

 

Dersom du vil vite meir om feieordninga kan du inn på Setesdal brannvesen si heimeside: www.sb-iks.no