Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Innbyggjarane i Valle kommune får kjernejournal

Publisert , Oppdatert 22. februar 2016
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
kjernejournalt_400

1. mars 2016 får alle innbyggjarar i 29 kommunar kring Sørlandet sykehus si kjernejournal. Det kan vere til stor hjelp i akutte situasjonar.

Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Den syner helseopplysningar som er særskilt viktig dersom du treng akutt hjelp, og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Kjernejournal er eit supplement til pasientjournalar hjå fastlege, legevakt og sykehus.

- I dag er det mange som trur at helsepersonell kan sjå opplysningar på tvers av behandlingsstadar, men det kan dei ikkje. Om du fell om på gata og blir køyrt til legevakta, så har dei ikkje automatisk tilgang til opplysningar om deg, men lyt finne dette manuelt. Det kan ta tid. Her vil kjernejournal kunne vere til stor hjelp, seier divisjonsdirektør Anne-Lise Härter i Direktoratet for e-helse.

Sørlandet først ut i 2016
Om lag 2,5 millionar innbyggjarar har fått si kjernejournal, og første sykehus som skal ta dette i bruk i 2016, er Sørlandet sykehus. 1. mars blir det automatisk oppretta ei kjernejournal for alle med folkeregistrert adresse i kommunane som sokner til Sørlandet sykehus.

Kva står det i kjernejournalen?
Kjernejournal syner opplysningar om deg som alt finns i offentlege registre: Kven som er din fastlege, kva for legemidler du har henta på resept, og oppdatert kontaktinformasjon og namn på næraste familie. Hvis du har vore til behandling på sjukehus etter 2008, står det også tidspunkt for besøket og kva for avdeling du har vore på. Det vil ikkje stå noko om diagnoser eller notat legen har skrevet i samband med behandlinga. Du kan sjølv registrere kontaktpersonar, sjukdomar og om du har utfordringar med syn, høyrsel eller språk.

Har du alvorlege allergiar eller ei sjeldan liding som det er viktig for helsepersonell å kjenne til, kan du be legen din registrere dette i di kjernejournal neste gong du har time.

Kor finn du di kjernejournal?
Du kan logge deg inn med elektronisk ID (BankID, Buypass eller Commfides) og sjå di kjernejournal via helsenorge.no.

Reservasjon
Ønskjer du ikkje å ha ei kjernejournal, kan du når som helst reservere deg. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no/kjernejournal og gå til innstillingane for di kjernejournal.

 

Har du spørsmål om kjernejournal eller andre tjenester på helsenorge.no, kan du ringe brukerstøtte 800HELSE (800 43 573).

 

Bilde

kjernejournalt_400
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker