Valle kommune har vedteke å halde fram arbeidet med innsamling og kartfesting av stadnamn. Arbeidet skal utførast i samarbeid med Setesdalsmuseet.

 

Prosjektet tek utgangspunkt i tidlegare innsamlingsarbeid og vil bestå i å supplere det arbeidet som alt er gjort, og inkludere dei områda der det så langt ikkje er registrerte.

Stillinga krev lokalkunnskap og generell datakompetanse. Førarkort er ein føresetnad.

Det er ledig ei prosjektstilling i inntil 20% for eitt år med moglegheit for vidareføring. Løn etter avtale.

Søknad sendast til post@setesdalsmuseet.no innen 1. desember.

For mer informasjon kontakt Leonhard Jansen tlf. 926 33 740, Leonhard.Jansen@setesdalsmuseet.no