Invitasjon til næringsfrokost
Valle kommune inviterer næringslivet til næringsfrokost på Sølvgarden Hotell & Feriesenter onsdag 29. juni kl 07:30 – 09:00
Me ynskjer ein felles arena for betre dialog med næringslivet i kommunen og vonar dette kan verte eit fint høve til å møtast for fagleg påfyll og ein uformell prat. Om du driv større selskap, enkeltmannsføretak eller berre går med ei gründerspire i magen, håpar me å sjå deg på Sølvgarden.
Agenda:
07:30 Frukost
08:00 Velkomen og informasjon frå Valle kommune
08:20 Informasjon frå Setesdal Interkommunale Råd v/Rita Hansen
08:35 Ope/spørsmål
09:00 Ferdig