Invitasjon til næringsfrukost

Nordibø Landhandel tysdag 27. september kl 07:30 – 09:00

Publisert , Oppdatert 21. september 2022
Skjermbilde

Valle kommune ynskjer å ta opp att suksessen sist gong, og inviterer til næringsfrukost på Nordibø landhandel. Vi meiner dette er eit fint høve til å møtast for fagleg påfyll og ein uformell prat. Om du driv større selskap, enkeltmannsføretak eller berre går med ei grunderspire i magen håpar me å sjå så mange som mogleg.

Agenda:

07:30 Frukost

08:00 Velkomen og informasjon frå Valle kommune

08:20 Statens straumstøtte – Kva er situasjonen i Valle i dag?

08:35 Ope/spørsmål

09:00 Ferdig