Isklatreguiden Geoff Hornby

Geoff Hornby, har klatra i Valle, sommar og vinter, i mange år. Han er ein særs erfaren klatrar som har klatra i Himmalaya, Alaska, Alpene i tillegg til i Valle. Hausten 2012 kom isklatreguiden ut i England med Oxford Climbing Club som utgjevar. I boka er over 150 ruter dokumentert.
Den nye isklatreguiden gjorde at mange engelske isklatrarar vart oppmerksame på moglegheitene her. Dei meiner tilhøva her er heilt fantastiske.