Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 02.04.2020 kl. 17.10

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 02.04.202. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn at vi har bestilt smittevernutstyr til å ha på lager som blir levert truleg før påske. Kriseleiinga er i beredskap gjennom påska om det skulle skje endringar.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen gjeld førebels fram til måndag 13.04.2020. Ny oppdatering frå regjeringa er signalisert skal kome 08.04.2020 og vi avventer situasjonen til då.

Fylkesmannen i Agder presiserer at både bubilar og campingvogner er å sjå på som "hytte". Det er difor ikkje høve til å opphalde seg i desse utafor eigen kommunegrense.
Valle kommune oppmodar alle om å repektere dei nasjonale retningslinene!

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Jakt og fangst

Rettane til å jakte tilhøyrar grunneigar og er ikkje ein del av allemannsretten. Jegerar som ikkje jaktar på eigen grunn, treng derfor løyve frå grunneigar.

Unnataket er jakt på hav og fjord, der alle norske borgarar kan jakte fritt så lenge ein følgjer reglane som er gitte i viltlova.

Jakt er også ein måte å regulere viltbestanden på. Kommunen vedtek mål for utviklinga av bestandane av elg, hjort, og rådyr der det er opna for jakt på arten(e).

Tenesteomtale

Når kan du jakte?
Det er forskrift om jakt- og fangsttider som fastset noko som artar det kan jaktast på i Noreg og når jakta skal gjennomførast.
 
Jakt og fangst er ikkje tillaten i tida frå og med 24.12 til og med 31.12. Det er heller ikkje tillate å jakte på langfredag, påskeeftan eller fyrste påskedag.
 
Miljødirektoratet har laga ei oversikt over landsdekkjande jakttider i perioden 1. april 2017 – 31. mars 2022.
 
Kva kan du jakte?
Småvilt
Alle viltartar som ikkje er storvilt, blir rekna som småvilt. Alle jaktberre fuglar og artar som hare, bever, raudrev og mårdyra (unnateke jerv) blir derfor rekna som småvilt.
 
Storvilt
Elg, hjort, dåhjort, villrein, rådyr, villsvin, muflon, moskusfe, bjørn, ulv, jerv og gaupe.
 
Fri jakt på fugl i fjorden og i havet
Den frie jaktretten inneber at du kan jakte frå båt på fugl som ligg på eller flyg over sjøvatn, uavhengig av løyve frå grunneigaren. Den frie jakta på fjorden og i havet er ikkje knytt til grunneigarretten, men tilhøyrer alle norske statsborgarar og alle som har butt i Noreg det siste året, og som framleis bur i landet.
 
Sjå meir hos Miljødirektoratet om jakt på strand og frå grunnar og skjær.

Målgruppe

Småvilt- og storviltjegerar.

Kriterium/vilkår

Alle jegerar må
  • vere 16 år, eller 18 år dersom du skal jakte storvilt
  • ha teke jegerprøven
  • vere registrert i Jegerregisteret
  • betale jegeravgift via jegerregisteret
  • ha gyldig jegeravgiftskort (digitalt eller på papir) og våpenkort
  • ha løyve frå grunneigar eller rettshavar.
  • sende inn  jakt- og fangstrapport til SSB, uansett om du har vore på jakt det året eller om du har vore på jakt utan å ha felt noko.
Særskilt for storviltsjegerar
  • Ta skyteprøven dersom du jaktar storvilt med rifle. Du må ha med dokumentasjon under jakt.
  • Ha avtale om ettersøkshund dersom du skal jakte på elg, hjort eller rådyr.
  • Hjortejegerar må rapportere feltar dyr til valdansvarleg representant. Kommunane tek imot rapporteringa frå valdansvarleg representant og sørgjer for at dataa blir lagde i Hjorteviltregisteret.
  • Spør kommunen om det er krav til deg som jeger eller jaktrettshav om å rapportere opplysingar om viltbestande i jaktfeltet eller valdet ditt. Det kan for eksempel omfatte sett elg eller hjort, innsamling av kjevar, kjønnsorgan og liknande til analyse og bruk i forvaltinga.
Særskilt for fangst
  • Fangstreiskapar som er sat ut, skal vere merka med namnet og adressa og telefonnummer til brukaren. Ved bruk av bås, må du, innan ti dagar før fangsten startar, melde frå til kommunen om type fangstinnretning, nøyaktig stadnamn og namn.
  • For snarefangst av rype skal det sendast skriftleg melding til kommunen ti dagar før fangsten tek til. Meldinga skal gi opplysingar om namnet, adressa, fangstområdet og fangstperioden til brukaren.
  • Seinast ti dagar etter utløpet av jakttida for rype i kommunen, skal fangstresultatet rapporterast inn av fangstmannen.
  • Miljødirektoratet har meir informasjon om reglar for fangst og sanking av egg og dun.

Pris for tenesta

Alle som skal utøve jakt, felling eller fangst i Noreg, må betale jegeravgift. I siste halvdel av mars sender Miljødirektoratet ut informasjon til jegerane om at dei må betale jegeravgift for komande jaktår, til innboksen i Altinn eller til postkassa.

For å jakte elg, hjort og villrein må du betale fellingsavgift etter jakta. Fellingsavgifta for elg og hjort skal betalast på den måten kommunen fastset.

Samarbeidspartnarar


Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Tenesta oppdatert: 12.10.2019 09:47