Nasjonale myndigheiter vedtok fredag ei forskrift med overskrift: "Forskrift om karantene mm etter reiser utenfor Norden". Laurdag presiserer Fylkesmannen i Agder at dette også gjeld for reiser i Danmark og Island. Fylkesmannen skriv:

"Vi har mottatt kommentarer på at tittelen i forskriften kan være forvirrende. Vi vil derfor presisere at endringen i forhold til tidligere restriksjoner er at bestemmelsene nå gjelder reisende fra alle land unntatt Sverige og Finland. I forhold til tidligere bestemmelser er nå også Danmark og Island tatt med blant de landene som det er påkrevet med karantene etter å ha besøkt. "

Dette betyr i praksis at fleire innbyggjarar no vert omfatta av karantenereglane også i Valle kommune.

Til tilsette i Valle kommune: Har du vore i Danmark eller Island og må i karantene, må du melde i frå til næraste leiar slik at vi kan gjere tiltak for å sikre naudsynt bemanning.

Karantene gjeld dersom du har vore i Danmark, Island og alle land utenom Noreg, Sverige og Finland. Karantene gjeld ikkje for deg dersom dukon andre i husstanden har vore på reise. Dei må vere sjuke før du vert ramma av karantene.
Karantena gjeld i 14 dagar etter heimkomst.

Ein person i karantene skal opphalde seg i eigen heim eller annan opphaldsstad. Personen kan berre opphalde seg utanom heimen eller opphaldsstaden så sant at nærkontakt med andre personar vert unngått.

Det finnast nokre få unntak frå karantene for personell i svært viktige funksjonar. Det skal mykje til for å få dispensasjon frå karanteneforskrifta:

  • Skal berre gjevast der alle andre moglegheiter er prøvd ut når det gjeld å skafffe heilt naudsynt arbeidskraft
  • Det skal veljast den kvalifiserte personen som har kortast tid att av sin karantenetid OG er frisk
  • Ved bruk av personale i karantene skal dei nyttast / plasserast der det er minst risiko for at dei kan smitte andre
  • Dei skal brukemunnbind heile tida, bytte ved behof (feks dersom den vert fuktig), ikkje ta seg til ansiktet, og utføre hyppig håndvask/desinfeksjon

Dette gjeld fram til krantene for vedkomande er oppheva.

Forskrifta: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-03-13-287