Kay Arne Søgård er utdanna samfunnsplanleggjar og har også oppgåver som arealplanleggjar i kommunen. I tillegg til å rettleie i næringsrelaterte spørsmål, vere diskusjonspartnar for næringsverksemder og gjeve råd om offentlege tilskotsordningar og regelverk, vil Søgård også handsame søknader om tilskot frå næringsfondet. 

 

«I Valle skal næringsutvikling ha høg prioritet. Kommunen er tilretteleggjar for næringsutvikling på fleire felt, både som utbyggjar av infrastruktur og arealforvaltar, og i tillegg ynskjer me å ha ein rådgjevingsfunksjon. Det er viktig at ansvaret for næringsarbeidet no vert samla på ein person, og at næringslivet får eitt kontaktpunkt inn mot kommunen. Det gjer det forhåpentlegvis enklare å få råd og hjelp, anten det gjeld nyetablering eller vidareutvikling av ei eksisterande verksemd», seier kommunedirektør Vidar H. Homme. 

 

Søgård vil halde fram som ein del av eining for teknisk der Magnus Berg er leiar. Søgård er der del av eit fagmiljø som også omfattar mellom anna arealplanlegging, plan- og byggjesak, karttenester, deling, jord- og skogbruk.

 

«Eg ser fram til å arbeide tett saman med næringslivet i kommunen. I fyrste omgang vil eg prioritere å verte kjend med dei ulike delane av næringslivet. Eg vil også oppmode næringsdrivande og verksemder til å ta kontakt for ein uformell prat», seier Kay Arne Søgård.

Kontaktinfo

48358522

kay.sogard@valle.kommune.no