Jola nærmar seg. Det går fort når vi nå alt er komen i advent. Jola er ei god tid for dei fleste av oss. Jola kjenneteiknast av tradisjon. Me møtast, me hygger oss saman, med god mat og drikke. Jola er ei tid der me kan stoppe opp og tenkje og reflektere over det store i livet. Jola gir oss tid til å setje pris på dei små tinga i kvardagen, dei som gjer livet godt å leve.

 

Vi er nå inne i adventida. Advent handlar om å forvente noko. Forventning er i slekt med tillit – håp – overskot og nysgjerrigheit. Om me ikkje forventar noko vert me likeglade, me vert likeglade med kvarandre og likeglade med oss sjølv. Me må ta vare på forventningane til beste for alle og oss sjølve. 

 

Me tenker ofte at me ikkje må syne vår sårbarhet. Me skal hels være sterke, sikre og feilfrie. Frykter me å være sårbare?

Er det når vi står fram med vår tvil og sårbarhet at vi verkeleg syner vår styrke? Når fellesskapet er trykt og godt, kan me sjå framover utan å heile tida sjå oss bakover, over skuldra. Korleis kan vi skape ein kultur med plass for sårbarhet, tvil, læring og sann tale.

 

Følelsane vert sterkare  i jola. Du  som har mista nokon eller føler deg einsam. Du som er sjuk eller ikkje fin ro. Du som ikkje har moglegheit til å følgje opp alle forventningane i jola. Følelsane vert mykje sterkare i jola. Sakn og lengsel  vert sterkare i ei tid der omgjevnadane stråler av forventning  og glede. Eg håper difor at me alle i Valle kan syne raushet og omtanke. Dette for at jola skal verte ei god oppleving for alle.

 

Året som er gått har vore prega av eit smittsamt virus. Det er noko usikkert korleis jolefeiringa vert, men jola kjem. Det året som snart kverv har synt oss at me kan feire sjølv i ei tid som er annleis. 17. mai  i år vart eit slikt døme. Det vart ei flott og verdig markering av grunnlovsdagen. Takk til Valle Radio og 17. mai komiteen som var dei som organiserte feiringa og gjorde dagen til ei oppleving for livet.

 

Med dette vil eg ynskje alle ei god jol og eit godt nytt år.

 

Beste helsing

Steinar Kyrvestad

Ordførar