Mange av oss som lever i dag, har berre opplevd ein stadig aukande levestandard. Me har kunne reise kor me vil. Planlegg me reisene våre, er prisen overkomeleg. Me har høyrt om finanskrisa i 2008. Ingen av oss var førebudd på at eit virus som oppstod, for oss i ein fjern by i Kina, skulle få slike konsekvensar i Noreg og Europa.

 

Alvoret kom verkeleg til oss da statsminister Erna Solberg på sin pressekonferanse 12. mars kl 14.00 kunngjorde at alle skuler skulle stengjast ned frå kl.18.00 same dagen. Statsministeren kunngjorde ei rekke andre tiltak same dagen.

Kva er så hensikta med alle tiltaka? Jo, det er å take vare på livet. For nokre av oss kan det å verte smitta av Corona, få store  konsekvensar. Viruset si verknad på oss, er lite forutseieleg.

 

Statsminister Erna Solberg kalla oss til ein felles dugnad, der ho appellerte til dei beste verdiane i vårt samfunn. Solidaritet – Lojalitet – tilliten til kvarandre- fordele børa etter styrken. Derfor  tiltaka. Hold avstand – Ikkje reis unødvendig – avlys samkomer – vask hendene betre enn nokon sinne. Denne dugnaden skal me  gjennomføre. Me skal tilbake til det gode samfunn, der me møtast i godt lag.

 

Nokre får større utfordringar enn andre. Det å skal ha barna heime og gjennomføre skule med dei. Dette veit me kan by på utfordringar. Be skulen om hjelp og råd.

 

Pleie og omsorg og helsetenesta må organisere om. Organisere for å unngå smitte. Det å få følgje skule/barnehage og Pleie og omsorg/Helse i vår kommune, si gode vilje og evne  til omorganisering, og gode evne til å ta inn over seg dei tiltak som må gjennomførast. Det er berre stort. 

 

For nokre, får dette og store økonomiske konsekvensar ved bortfall av inntekt, her må vi som samfunn stå på, for at ingen i vårt samfunn skal bere større byrder økonomisk enn andre. På grunn av offentlege tiltak og pålegg.

 

Alle tiltaka settas i verk for nettopp å unngå den store krisa og ta vare på livet.

 

Me står på saman

 

Beste helsing

Steinar Kyrvestad

Ordførar