Dersom eigedomsgrensene ikkje ligg inne i kartet og du ynskjer å få målt inn eksisterande eigedomsgrenser, merke dei med offentleg godkjende grensemerke og legge dei inn i matrikkelen/eigedomsregisteret kan du søkje om dette.

Klarlegging av eksisterande grenser kan bl.a vere at du vil måle opp ei tomt som er oppretta ved skylddelingsforretning. I kartet ligg desse eigedomane inne med ein sirkel, utan koordinatfesta grenser og vert kalla «skyldskiftetomt».

Ei skylddelingsforretning var eit offisielt dokument som tildelte nye eigedomar matrikkelskyld. Dette gjeld eigedomar før 1980. Dokumentet inneheldt blant anna den nye tomta sin eigedomsidentifikasjon, kommune- gards- og bruksnummer, samt ei teksting som skildra eigedomen. Skylddelingsforretninga vart tinglyst for å opprette nytt grunnboksblad i grunnboka.

Klarlegging av eksisterande grenser kan også vere ein teig som er oppretta i grunnboka, men av ein eller annan grunn ikkje finnes i kartet.

Kven kan be om klarlegging av eksisterande grenser?

Oppmålingsteneste/grensepåvising kan rekvireras av:

  • Grunneigar/heimelshavar
  • Festar
  • Rettshavar

Rekvisisjon og vidare saksgong

  • Du søkjer om klarlegging av eksisterande grenser.
  • Søknaden må vere underskriven av den som kan be om oppmålingstenesta/grensepåvisinga.
  • Dersom søknaden gjeld «skyldskiftetomt» må du legge ved skyldskifte, kart eller anna dokumentasjon som kan ha noko å seie for klarlegginga av eigedomsgrensa.

 

For å få kartutskrift av eigedomen din, kan du søkje fram eigedomen din med gnr/bnr:
Kart

 

  • Kommunen kallar inn til oppmålingsforretning dersom eigedomen ikkje har koordinatbestemte grenser.
  • Grensene vert rekonstruert og fastlagt i samråd med eigar av tomta og naboar.

Søknadsskjema

Rekvisisjon av oppmålingsforretning etter matrikkellova 

Rekvisisjon av oppmålingsforretning sendes til Valle kommune:
post@valle.kommune.no