Kven kan søke om støtte?
Støtta kan verte gjeve til bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktørar blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverke negative verknader av koronautbrotet, der ein vektlegg betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet.
Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentleg støtte og bedroftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte.
Bedrifter, etablerarar og næringsaktørar skal vere registrert i Valle kommune.
Korleis søke?
Søknaden skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no Kvar søkjar må opprette ein eigen brukar.
Søknaden må handsamast i formannskapet og kommunestyret, for å få med søknaden til årets siste formannskapsmøte 9. desember bør søknaden sendast inn snarast.
Vurdering av søknader
I vurderinga av søknadane skal det leggjast særleg vekt på:
- tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
- tiltak som motverkar negative verknadar av covid-19 utbrotet.
- tiltak som kjem raskt i gong.
Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent.
Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet
Tilskotsmidla vert utbetalt etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etter kvart dersom tilskotsmottakar dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal komme i gong, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.
Kontaktperson:
Namn: Torbjørg Trydal
E-post: torbjorg.trydal@valle.kommune.no
Tlf: 904 03 733