Søknadsskjema finn du HER. Du fyller ut skjemaet på skjerm. Etterpå lyt du skrive det ut og signere.
Det er svært viktig at alle opplysningane er fylt ut og at skulen du går på fyller ut nederste delen av skjemaet og dei MÅ i tillegg stemple skjema. Skjema som ikkje er fylt ut korrekt blir sendt i retur og ikkje handsama.
Kontaktperson er Anne Berit Haugen Solheim, e-post: anne.berit.haugen.solheim@valle.kommune.no
REGLAR FOR TILDELING AV KOMMUNALT STIPEND
- Elevar som står i Valle folkeregister, og som tek utdanning kan få tildelt kr. 7.000 i kommunalt stipend. Storleiken på stipendet kan verte endra i samband med budsjettendringar i kommunestyret.
- Utdanninga må vere på heiltid. Heilårs skulegang gjev fullt stipend, eit semester gjev halvt stipend.
- Kvar søkjar kan få tildelt stipend opptil 5 gonger utan aldersavgrensing.
- Lærlingar, deltakarar på tiltak i regi av NAV eller utdanning under attføring får ikkje stipend.
- Stipendet vert tildelt i vårsemesteret og gjeld inneverande studieår (haust/vår).
- Administrasjon fastset søknadsfrist og kunngjer stipendordninga kvart år i god tid før fristen går ut.
- Søknad må skrivast på eige skjema.
- Berre korrekt utfylte søknader vert handsama.
- Mottakar av stipend som ikkje fullfører skuleåret, må snarast råd melde frå om det med attestasjon frå skulestaden om kor lenge skulegangen varte. I slike høve må mottakaren betale attende delar av stipendet, rekna ut frå kva tid ein avslutta skulegangen. Fullføring av ¾ skuleår som ein har fått stipend for, fører ikkje til attendebetaling.
- Dersom det viser seg at ein mottakar av stipend ikkje har gjeve korrekte opplysningar i søknaden, eller unnlate å melde frå om endringar (jf. Pkt. 9), kan stipendet bli kravd attende og/eller vedkomande kan bli utelukka frå seinare tildelingar.
Vedteke av Valle kommunestyre 26.06.02 (K.sak 43/02)
Nytt vedtak av k.styret i 2019: Utdanningsstipend utvidas frå 3 til 5 år i Valle kommune. Gjeld frå skuleåret som starter hausten 2020.Stipendet vert auka til kr.7000,-PR.år.